Tåkelegging hindrar barn gjensidig omsorg frå gode nok foreldre
ALEINEOMSORG: – FHI har aldri påvist at aleineomsorg bidreg til god helse hos barn, skriv Eivind Meland. Foto: Katherine Chase on Unsplash
Ein gruppe forskarar frå Folkehelseinstituttet (FHI) hevdar på plattforma forsking.no at samanhengane mellom familieoppløysing og dårleg helse blant barn og ungdom er basert på assosiasjonar og ikkje på årsaksforhold.
Av Eivind Meland
Det er påfallande at FHI-forskarar gjentar dette gang på gang og legg hindringar i vegen for nødvendige og helsefremjande forbetringar i lovgjeving og myndigheitsutøving. Både I 2017 og i 2022 konkluderte dei, i to kunnskapsoppsummeringar, med at forskinga ikkje ga støtte til delt bustad og jamstilte foreldre. Dei legg så strenge krav på forskingsmetode at store delar av internasjonal forsking vert annullert trass i at forskinga peiker konsistent på at barn treng omsorg frå begge gode nok foreldre.
I innlegget på plattforma til Forsking.no stadfestar FHI-forskarane at der er metodisk robust forsking som har justert for bakanforliggande faktorar, og som avslører tydelege samanhengar mellom familieoppløysing og problem for barn og ungdom. I tillegg til dei referansane forskargruppa viser til, er der prospektive (studiar med to eller fleire målepunkt) og kvasieksperimentelle studiar (studiar basert på endringar i lov- eller myndigheitspraksis) som sannsynleggjer årsakssamanhengar.
https://www.mdpi.com/2227-9067/8/6/473
https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/11276859
I dei seinare åra har forskarar knyte til samfunnsøkonomi utvikla nye statistiske metodar som gjer årsakssamanhengar meir sannsynlege. Med data frå Austerrike finn samfunnsøkonomane som står bak, sannsynlege årsakssamanhengar mellom skilsmisse og redusert menneskelege ressursar (human kapital), som igjen forklarar lågare utdanning hos born av begge kjønn, tidleg død hos gutar og tenåringsgraviditet hos jenter.
https://doi.org/10.1016/j.jpubeco.2024.105201
Forsking og formidling av forsking dreier seg alltid om å vege sannsyn for årsak opp mot kor alvorlege helseproblema vi står overfor er. I dette fagfeltet er vi avhengig av observasjonar på folkegrupper og naturlege eksperiment, til dømes studiar på oppfølging etter rettsavgjerder.
FHI har aldri påvist at aleineomsorg bidreg til god helse hos barn. Dei åtvarar mot moralske peikefingrar og påstår at folk som gjer merksam på sannsynlege konsekvensar av familieoppløysing kan gjere vondt verre. Det finnes, så langt eg veit, ikkje forskingsevidens for ein slik påstand. Om det var slik at aleineomsorg var det beste alternativet i familiar med påstandar om konflikt og sviktande omsorg, er det påfallande at FHI og andre aksepterer at 9 av 10 aleineforeldre er mødrer, eit forholdstal som har vært konstant sida revisjonen av barnelova blei gjort tidleg på 1980-talet. Det er på hi sida av fornuft å tro at i 9 av 10 tilfelle vil ei omsorgsløysing med mor som aleineforelder være til det beste for barna.
Det er mange aleineforeldre som gir barna god og kjærleg omsorg. Men i denne gruppa finn vi og foreldre, både fedrar og mødrer, som monopoliserer omsorga med bruk av falske klager og sverting av eks-partnaren.
https://link.springer.com/article/10.1007/s10896-023-00575-x
Slik bruk av barn som våpen er ytst skadeleg for barns identitetsutvikling, sjølvaksept og affektregulering. Det er øydeleggande for deira psykiske helse på kort sikt og deira kroppslege helse på lengre sikt.
https://link.springer.com/article/10.1007/s12144-021-02537-2
Viktigare, i denne samanhengen, er det at med denne erkjenninga ser vi at der er ein plausibel årsaksforklaring på helseskade. For å vurdere sannsynet for årsakssamanhengar må vi finne ut om der er sannsynlege psykososiale og biologiske årsaksforklaringar. Her er det det.
Det er og vist at ein finn dose-respons-samanhengar (dess meir av årsaksfaktoren dess meir skade) mellom i kor stor grad barna blir isolert frå ein forelder etter skilsmisse og helseproblem. Barn som får behalde kontakten med begge foreldre skil seg berre litt frå barn i intakte familiar medan barn som mister kontakt med den eine (oftast far) vert mest skadd. Dette er og eit viktig kriterium for årsakssamanheng.
http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/23292092
FHI står i fare for å undergrave folkehelsa med eit for einsidig fokus på forskingsmetodisk kvalitet. På dette området vil vi aldri få forsking med bruk av loddtrekking til ei gruppe som skil lag og ei gruppe med vedlikehald av samlivet.
https://tidsskriftet.no/2024/12/kronikk/kvalitetskrav-kan-begrense-god-folkehelse
Den kjente folkehelseeksperten og epidemiologen, Michael Marmot, har uttala at om vi ikkje har eit breitt perspektiv på vurdering av årsakssamanhengar, bruker vi ein resept for å gjere ingenting. Det kan ikkje eit folkehelseinstitutt være tent med.
Artikkelen ble først publisert av Dag og Tid: https://www.dagogtid.no/ordskifte/takelegging-om-skilsmisse/668491
Bli medlem i PASG Norge
– fordi barnets rett til begge foreldre ikke kan ties i hjel
Foreldrefremmedgjøring ødelegger liv. Ikke bare for barn som mister kontakten med en forelder, men også for mødre og fedre som utsettes for systematisk utestengelse, falske anklager og emosjonell sabotasje.
Klikk her for å melde deg inn i PASG Norge
PASG Norge (Parental Alienation Study Group) er en faglig og ideell forening som jobber for å synliggjøre, forstå og bekjempe foreldrefremmedgjøring – gjennom kunnskap, påvirkning og støtte.
Hvorfor bli medlem?
Du støtter en viktig sak: Foreldrefremmedgjøring er en alvorlig form for psykisk vold – og det skjer i skjul, ofte med systemets stilltiende samtykke.
Du blir en del av et fellesskap: Hos oss møter du fagpersoner, foreldre, pårørende og engasjerte støttespillere som vil det samme – nemlig at barn skal få beholde begge foreldrene sine.
Du får tilgang til kunnskap og nettverk: Vi deler forskning, erfaringer, artikler og strategier for hvordan du kan bidra til endring – både politisk, juridisk og sosialt.
Du viser at du bryr deg: Hvert medlem er en stemme for barnas rettigheter – og for de mange foreldrene som i dag står alene i kampen mot urett.