Vanlege folk og ein liberal elite
– Det skal og leggjast avgjerande vekt på kva barna meiner, men lova har ingen referanse til at barn kan vera manipulerte og utsett for lojalitetspress, skriver Eivind Meland.
Eivind Meland
Regjeringa har lagt fram lovproposisjon til ny barnelov. Heller ikkje denne gong vart det vanlege folk sin tur. Ein liberal elite har trekt det lengste strået.
Det er naudsynt å forklare kva eg legg i omgrepet «liberal elite» så folk skjøner at eg ikkje strør om meg med eit vokabular henta frå Donald Trump. Eg nyttar omgrepet synonymt med «meritokrati» som sosiologen Michael Young lanserte i 1958. Det var nemning på ein velutdanna samfunnsklasse med sosiale kodar og språk som stadfestar deira makt. Ifylgje Frank Rossavik sin biografi om Einar Førde, var denne arbeidarpartipolitikaren særs oppteken av farane med meritokratiet sin makt. Undertrykkinga frå meritokratiet er ofte vanskeleg å få auge på. Dei stør seg på liberalt språkbruk om fridom og valfriheit. Det er tydeleg i lovproposisjonen.
I dei fem åra som er gått sidan Barnelovutvalet la fram NOU-en sin, har ein politisk allianse som femner FrP, Høgre, Senterpartiet og delar av Arbeidarpartiet støtta «delt bustad» og mest mogleg gjensidig omsorgstid med både foreldra som utgangspunkt . Som medlem av «Foreininga to foreldre» har eg stødd eit slikt utgangspunkt i barnelova. Vi meiner at samfunnet treng synlege og uttalte normer som signaliserer kva vi forventar av foreldre som skil seg. Regjeringa stør ikkje delt bustad.
Den liberale eliten treng ikkje å ha uttalte normer for å navigere i livet. Dei har utdanning, sjølvinnsikt og u-utala normer som sørgjer for at dei sjølve og borna deira klarar seg i livskampen. Dei trekkjer stigen opp etter seg og serverer vanlege folk retorikk om fridom og valfriheit. I lovproposisjonen bruker dei omgrepet «barna sitt beste» utan at dei definerer kva innhaldet er i dette omgrepet. Det er skjult for lesarane og lovgjevarane. Både FN sin Barnekonvensjon og Menneskerettskonvensjonen legg avgjerande vekt på at barn har rett på familie, og Menneskerettsdomstolen har fleire gonger dømd nasjonale myndigheiter for ikkje å nytta naudsynte maktmiddel for å sørgje for at barn får omsorg frå både foreldra.
Lova vil få ein heimel til å gjere ein førebels domsslutning der den eine parten etter skilsmisse erfarer at den andre forelderen hindrar samvær. Det er positivt, men det vert svekt av at retten til slik avgjerd berre skal effektuerast der samværshindringa er uttalt. Denne retten vert og svekt av at det ikkje skal nyttast tvangsmiddel ut over dei som allereie er heimla i eksisterande barnelov. Vanlege folk veit at dei ikkje verkar. Lova fjernar og målsettinga i eksisterande lov om at avgjerder skal fremja mest mogleg gjensidig omsorgstid. Det skal og leggjast avgjerande vekt på kva barna meiner, men lova har ingen referanse til at barn kan vera manipulerte og utsett for lojalitetspress. Slik åtferd frå foreldre vert omtala som «komplekse saker», som familievern og terapeutar skal løyse. Vanlege folk veit og at dette heller ikkje verkar.
Eliten skriv om sin eigen røyndom: Dei har valfridom der den einskilde familien finn løysingar som passar for dei. Vanlege folk erfarer at dei mest sjølvopptekne manipulatorane rår grunnen og monopoliserer omsorga med falske klagemål mot den andre. Om slike klagemål handlar om vald og seksuelt misbruk vil den nye lova senke beviskrava. At born som konsekvens vert sette i lojalitetsfengsel der dei er utsette for andre typar overgrep, lukker eliten auga for. Regjeringa har viteleg i 2008 åtvara dommarar og sakkunnige om at ein ikkje skal ha tillit til ein rettspart som viser til foreldreframandgjering. I proposisjonen er «foreldreframandgjering» nemnd berre ein gong der ein viser til den danske familielova, som heimlar tydelege konsekvensar av det dei kallar framandgjering og samværssjikane. Norske barn treng ikkje slik rettstryggleik meiner den liberale eliten i Noreg.
Arbeidarrørsla og Einar Førde hadde eit verdisyn bygd på kollektive interesser som motvekt mot elitar. Eit slikt verdisyn synes nå å ha forvitra. Går det an å vona på at dei finn att til sitt opphavlege syn på verdiar for å sikre at born og foreldre i Noreg får den same rettstryggleiken som i Danmark? Eg set lit til at Stortinget maktar å få det til.
Artikkelen blei fyrst publisert i Dag og Tid 2. mai 2025.